FRAMLEIE OG SALG AV BÅTPLASSR

skal skje gjennom styret. Dette er regulert i klubben sine vedtekter, og ingen har sjølv høve til å selje/leige/låne vekk plassen sin direkte til nokon annan. Klubben har ventelister med folk som både vil kjøpe og leige båtplass, og tildelingar skjer etter denne lista.

VIL DU BLI MEDLEM ELLER TRENG DU BÅTPLASS?

Førde Båtklubb har av og til ledige båtplassar for salg, i tillegg byggjer ein ut nye brygger etter som behova og omstenda tillet det.Prisen på ein båtplass er rekna ut etter lengde og breidde på båtplassen og om det er tilgang på vatn og straum. I tillegg kjem ei årleg leige som går til drift og vedlikehald av hamna.OBS: Før bestilling av båtplass og eller medlemsskap må du lese og akseptere klubben sine vedtekter, som du finn "her"
(kan også fåast ved å kontakte klubben via post eller e-post )Skjema for søknad om medlemskap og båtplass, klikk her.

SJØ/LAND SETTING

Bruk av klubben si båtvogn (hydraulisk) kostar kr 1000 - 1500,- pr gang. Kontakt hamnesjef for bestilling.
Opphalet (rampen) kan nyttast av alle, men ikkjemedlemmer må betale kr 100,- til klubben pr gang, sjå oppslag på klubbhuset for detaljar.