Førde Båtklubb og Båthavn.

FØRDE BÅTKLUBB
er driftsorganisasjon for båthamna i Førde. Klubben vart etablert i 1971 og har 353 medlemmer og 217 båtplassar pr januar 2015.

Gjestebrygge2

Klbbhuset

Førde Båtklubb ligg innerst i Førdefjorden, nordaust for skipsverftet. Hamna består av indre og ytre hamn. I indre hamn finn ein diesel- og bensinpumpe oggjestebrygga.
Førde Båtklubb disponerer eit klubbhus i indre hamn, her er det møtelokale og sanitæreanlegg.
Båtklubben har også ein del naust som vert disponerte av medlemmar i klubben.
4 knop er den farta du kan køyre med når du er innanfor moloen.
Denne grensa står på skilt både på moloen og lenger inne. Køyrer du fortare lagar du så mykje bølger at vi får ein stor og unødvendig slitasje på bryggeanlegg og fortøyningar, samstundes med at du lagar problem for dei som er i hamna og jobbar på båtane sine