GJESTEBRYGGA

Vi har plass til 4 - 5 båtar langs brygga, men det er god plass i breidda. Det går også an å ligge på inste sida av flytebrygga. (OBS! Ved stor fjære kan det verte noko grunt heilt inntil kaia)
Ytste sida av flytebrygga er berre for tilkomst til drivstoff-pumpene.
Pris på kaileige finner en på oppslagstavla på klubbhuset, Betaling via Vips eller med Kort når det er folk i klubbhuset . Sjå oppslag på klubbhuset.
Straumuttak finst på veggen på klubbhuset og på stolpe ved kaia.
I begge endar på brygga er det uttak med godt drikkevatn, men med tanke på at det er vassmålar på anlegget så lar vi ikkje vatnet renne fritt...
Sanitæranlegg finn ein i klubbhuset, For tilgang sjå oppslag på infotavla på klubbhuset.

BOBILPARKERING

Vi har nokre få oppmerka bobilparkeringsplasser, der er det strømuttak. Er det fult der, ta gjerne kontakt så ser vi om det kan ordne seg noko.

Er mulighet for sanitærtømming, sjå oppslag på klubbhus.

Pris på parkering finner en på oppslagstavla, på klubbhuset, Betaling via Vips eller med Kort når det er folk i klubbhuset . Sjå oppslag på klubbhuset.

Treng du daglegvarer er næraste butikk berre nokre hundre meter frå båthamna, spasér bortover forbi nausta og sving til høgre, fortset på gangvegen mot sentrum.
Her finn du det meste av butikkar innanfor kort gangavstand
Utforsk Førde og omegn med hjelp frå www.fordeby.no/ og www.sognefjord.no/sunnfjord
Det er ikkje langt til buss og taxi, som kan ta deg opp til Jølster, bort til Gaular, ut til Naustdal eller rundt om i Førde.

For informasjon om Førde Kommune, klikk deg inn på www.forde.kommune.no (Førde Kommune).

Førde Taxi 57 82 14 25

 

2013-02-18-18714af1c380d18598e71446f4177a1a55eae428

Gjesthavn